|
 Sjølve den landbruksmessige drifta av gardsbruket på Klones er bortforpakta til Aslak Haugen. Han driv all jorda, og har mjølkeproduksjon i nedre driftsbygningen. I tillegg er det ombygd avdeling i grisefjoset, slik at Klones er ein "satelitt" i purkeringen Aura Gris AS. Det er nå plass til 25 fødande purker, som er innom i ein 16 vekers syklus. Det vil si at det frå Klones blir levert om lag 800 smågriser i året, til vidareforing i Aura Gris sin regi.
Naturbrukselevane ved Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule, avdeling Klones, får nyttige praksisøkter her i samarbeid med forpaktar og faglærarar.
|
|
Sist oppdatert ( mandag 27. oktober 2008 )
|